Tilgjengelegheitserklæring for bilde.mrfylke.no

  • bilde.mrfylke.no
  • MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 944 183 779
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 4 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på bilde.mrfylke.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Offentlege tilgjengelege mediefiler i fotoarkivet har i hovudsak tekstleg alternativ i form av stikkord, men det kan forekomme enkelte tilfelle utan tekstalternativ. 
Fotoarkivet er ikkje meint som ei publikumsteneste, men er ope for å gjere innhaldet lett tilgjengeleg for journalistar og andre med behov for å bruke medie-innhald frå fylkeskommunen, i all hovudsak bilde. 
Vi bistår brukarar ein til ein, der det er behov for ytterlegare tilrettelegging. 

Tilgjengelege alternativ

Dei som tar kontakt kan hjelp til å finne spesifikt innhald til for eksempel medieoppslag. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kodinga for verktøyet er på engelsk, men vi brukar det til norsk innhald. 

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Vi har ei offentleg mappe for logoar som for eksempel eksterne samarbeidspartar kan laste ned. 
Det kan vere logo-filer som ikkje har god nok tekstleg alternativ, dette vil vi jobbe med å rette opp. 

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kodinga av verktøyet er på engelsk, men vi brukar det til norsk innhald.
Vi skal sjekke opp dette med leverandør. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Fotoarkivet er ikkje meint som ei publikumsteneste, men er ope for å gjere innhaldet lett tilgjengeleg for journalistar, tilsette og samarbeidspartar. Vi bistår brukarar 1 til, der det er behov for meir tilrettelegging.

Fordi arkivet er ope, har vi vald å avgrense innhaldet til filer vi er rimeleg sikker på at har tekstleg alternativ. Det kan vere enkelte logoar eller bilde som ikkje er teksta eller er tilgjengelege i det opne arkivet. Då kan brukaren ta kontakt med kommunikasjonsseksjonen på info@mrfylke.no

Meld gjerne inn dersom du ser noko vi kan bli betre på. Vi ønsker tilbakemelding frå brukarane:

• Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
• Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
• Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Ta kontakt med oss via info@mrfylke.no