Tilgjengelegheitserklæring for voldafilmteater.no

  • voldafilmteater.no
  • VOLDA KOMMUNE, organisasjonsnummer 939 760 946
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VOLDA KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på voldafilmteater.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida følgjer ikkje alle krava til ikkje-teksteleg innhald per i dag. Fleire bilete og knappar manglar alternativ tekst. Dette kan hindre dei som brukar skjermlesar i å få med seg alt av informasjon på nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida følgjer ikkje alle krava til kontrast per i dag. Enkelte element, t.d. knappar og fokusert tekst i menyen, har lågare kontrastforhold enn 4.5:1. Dette kan hindre brukarar med nedsett syn i å få med seg alt av informasjon på nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida følgjer ikkje alle krav til kontrast for ikkje-teksteleg innhald per i dag. Fleire element i brukargrensesnittet, t.d. knappar, har kontrast på mindre enn 3:1 mot bakgrunnen. Dette kan gjere komponentar i brukargrensesnittet vanskeleg å sjå for brukarar med nedsett syn.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida er per i dag ikkje fullstendig kompatibel med navigering berre ved bruk av tastatur. Enkelte element, som t.d. nedtrekksmenyar, kan ikkje navigerast til ved bruk av berre tastaturet. Dette kan hindre dei som brukar skjermlesar i å få med seg alt av informasjon på nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida følgjer per i dag ikkje dette kravet. Bildekarusell på startside kan ikkje stoppast, settast på pause eller skjulast. Dette kan hindre brukarar med nedsett kognisjon å konsentrere seg om anna innhald på nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida kan per i dag ikkje oppfylle dette kriteriet då nokre av elementa ikkje er fokuserbare og dermed hoppast over ved navigasjon med tastatur, som t.d. nedtrekksmenyar. Dette kan hindre dei som brukar skjermlesar i å få med seg alt av informasjon på nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida har per i dag sider som berre kan navigerast til på ein måte. Dette kan hindre brukarar å finne relevant innhald på ein effektiv måte.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida har per i dag ikkje synleg fokus på alle naudsynte element, som t.d. nedtrekksmenyar. Dette kan hindre dei som brukar tastaturet til å navigere i å få tilgang til alt av informasjon som elles er tilgjengeleg.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida har per i dag ikkje eit definert språk. Dette kan hindre skjermlesarar i å lese innhaldet på riktig språk.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .