-
Mentimeter
-
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET, organisasjonsnummer 917 641 404
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 9 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I nokre av UI elementer treng ein forbetringar for å ha betre kompabilitet med hjelpemiddelteknologi. Leverandøren melder at dei arbeider aktivt med å betre desse elementa for å sikre ein betre brukaroppleving for dei som nyttar hjelpemiddelteknologi på nettstaden
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Brukarar kan velje visulle tema som ikkje støttar minimum kontrast.
- Tilgjengelege alternativ
Vil gjera eit forsøk på å lage eigen mal som kan vera standard. Her vil krava vera dekka.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Menti har ikkje gode sidetitlar sidan sidetitlane deira heiter berre "voting"
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er nokre tilfelle der den nye modulen til Menti ikkje vert nytta, som kan gjere at fokusrekkefølgja ikkje opprettheld kravet. Dette kan gjere det vanskeleg å navigere på sida
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre knappar og interaktiv UI manglar oversetting av aria-merket som forklarar innhaldet i skjermopplesing
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre UI element manglar støtte for omsetjing. Innhald som blir lagt til av brukar kan innhalde fleire ulike språk noko som ikkje kan bli lagt til i kodinga
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Leverandøren melder om at dei har nokre tilfeller der ein kan betre oppnåinga av dette kravet
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Leverandøren melder om brot på kravet, men arbeider med å følgje HTML 5 standard
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre tilfeller der statusmeldingar quiz funksjonen kan vera vanskeleg å forstå med skjermoppleser.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Denne tilgjengelegheitserklæringa er laga basert på leverandøren sin VPAT. Me er i gang med arbeidet om å teste løysinga sjølv og ser på eigne rutinar rundt bruken av den digitale tenesta