Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo

  • Vigilo
  • SANDE KOMMUNE, organisasjonsnummer 822 534 422
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 14 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SANDE KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Vigilo slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har eit innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributtar. Dette kan føre til vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar når ein brukar skjermlesar. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom all tekst og bakgrunn. Dette skuldast prioriteringar då løysinga vart utvikla. Dette kan medføre til at brukarar med nedsatt syn ikkje klarer å lese alt innhaldet, og at brukarar som er fargeblinde ikkje klarer å skille tekst frå bakgrunn og kan miste innhaldet i løysninga. Det vert jobba med å f rette dette. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved nokre tilfelle vil ein miste innhald som zoomes inn inntil 200%. Dette skuldast rammeverket. Dette kan medføre til at brukarar med nedsatt syn ikkje klarer å lese alt innhaldet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved nokre tilfelle vil ein miste innhald som kan zoomes inn inntil 400%. Dette skuldast rammeverket. Dette kan medføre til at brukarar med nedsatt syn ikkje klarer å lese alt innhaldet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

I nokre tilfelle i løysinga vil tekst legge seg over annan tekst, og ikon vil legge seg over tekst når tekstavstand i kravet er satt. Dette skuldast rammeverket. Dette kan medføre til at brukarar med nedsett syn eller dysleksi kan oppleve vanskar, og ein kan ikkje styre størrelsen på teksta til sine preferansar utan at ein kan miste innhald.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga gir ikkje moglegheit for å navigere ut av sidemenyen ved hjelp av tastatur. Det er heller ikkje mogleg å opne registrert fråvær med tastatur, å navigere til dei ulike tabellane i løysinga og å velge å sjå tabellen i stigande eller synkande rekkefølge. Dette kan medføre at brukarar med heilt eller noko nedsett syn, og brukarar som f.eks. slit med skjelving i hendene og som gjer at vedkomande må bruke tastatur og ikkje mus, ikkje klarer å navigere desse delane av løysinga.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga gjev ikkje moglegheit til å hoppe over eller tilbake på blokker under søknader, personalia (føresett) og kontaktinformasjon (føresett). Dette kan medføre forvirring for brukarar med funksjonshemmingar som kan ha problem med å kome tilbake til hovudinnhaldet.  

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har eit tilfelle der det ikkje er samsvar mellom visuell rekkefølge og fokusrekkefølge under Timeplan. Dette kan skape forvirring for brukarar som nyttar tastatur og skjermleser som navigasjonshjelp.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga manglar fullstendig markering av element i fokus under Siste Nytt og Meldingar. Dette kan medføre at brukarar med nedsett syn kan ha problem med å forstå kva element som er sett i fokus.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har i nokre tilfelle mangel på oversetting, og har element som er koda på feil språk enn kva som er sett i koden. Dette kan medføre at dei med synshemming ikkje får med seg kva som står. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har eit tilfelle der det ikkje er spesifisert språk, der det er anna språk enn det som er sett som språkkode. Dette er under Personalia. Dette kan medføre at dei med synshemming ikkje får meg seg kva som står. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har innhald som ikkje er koda med korrekt ledetekst. Dette kan medføre vanskar og mangel på forståing for brukarar som tek i bruk hjelpemiddel som skjermlesar etc. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga har innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributtar. Dette kan medføre vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar ved å ta i bruk skjermlesar og tilpasse innhald etter behov til dei individuelle brukarane. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Under Melde fråvær og Samtykke vil ikkje brukar få statusbeskjed når ei hending er utført. Dette kan føre til at brukaren ikkje vert oppmerksom på viktige endringar eller oppdateringar på nettsida. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vigilo prøver å utvikle ein nettstad som er tilgjengeleg for alle, og vi jobbar heile tida målretta med universell utforming av løysinga.
Vi fokuserer på å rette feil og manglar opp mot WCAG-krava.

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer det vanskeleg å forstå?
Har du problem med å lese teksten eller er synstolkinga på bilda våre for dårleg.
Sei ifrå!
Vi set stor pris på tilbakemeldingar.

Send oss ei melding her.