-
Norsk ordbok
-
UNIVERSITETET I BERGEN, organisasjonsnummer 874 789 542
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 18 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre av logoane til samarbeidspartnarar manglar alternativ tekst.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sidene manglar struktur av typen topp- og botnfelt, det manglar også heilt overskriftstruktur. Det som ser ut som lister, t.d. "målføreformer", er ikkje koda som liste, og treff-lister er heller ikkje koda som lister.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Delvis oppfylt, brukar ARIA-label her, men kunne ha vore gjort betre.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er brukt fargar for å skilje mellom treff i ulike typar kjelder. Nokre stader er det brukt feit skrift i tillegg for å skilje mellom dei. Sjølv for brukarar med godt fargesyn er dette forvirrande, og det er ikkje forklart nokon stad.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Svært mange tilfelle av for låg kontrast i visningar av ordbokartiklar, t.d. i listene over målføreformer.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ved visning i 200 % kjem oppsprettstekstane for referansar til kjeldene utanfor skjermkanten.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Informasjonssidene fungerer ikkje godt på mobil, det gjer heller ikkje oppslag av typen "grøn", som altså viser tekstmanuskript.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tekstar som kjem opp når musa er over kjeldeinformasjonen, er ikkje tilgjengeleg for brukarar av skjermlesarar.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ei av listene over treff kan ein ikkje nå via tastatur, med mindre ein brukar skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sidene manglar inndeling i blokker.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre av sidene med bakgrunnsinformasjon om ordboka har same namn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er lenker av typen "her".
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det manglar overskrifter.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Feilmelding ved blankt teikn i starten av ord: neppe spesielt informativ.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er mangelfulle leietekstar og instruksjonar.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ugyldige attributtverdiar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det manglar struktur og innhald.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det blir ikkje gitt statusbeskjed om antal treff på ein måte som gjer at brukarar av skjermlesarar får det med seg.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen jobbar systematisk med å klarlegge status for universell utforming av IKT, og vi rettar feil og manglar innfor dei rammene vi har.
Når det gjeld betasida for søk i Norsk Ordbok, er dette ei utgåve som kom på nett i mai 2022 som eit mellombels tilbod til brukarane. Fram til då hadde berre halve ordboka vore tilgjengeleg på nett. På betasida kan ein søke i heile ordboka medan den større jobben med innhaldsrevisjon og utvikling av nye nettsider pågår. Sida vil ikkje bli oppdatert, med unntak av nyrevidert innhald, og ho vil bli lagt ned når nye nettsider for ordboka er på plass. Ein testversjon av dei nye nettsidene skal etter planen lanserast i løpet av våren 2025. Nedlegging av betasida vil skje tidlegast i 2025.
Det vil kreve omfattande utvikling og tilrettelegging å rette opp alle feil og manglar på betasida for å få ein tilfredsstillande status med omsyn til universell utforming. Dette vil ikkje vere ei prioritert oppgåve sidan vi allereie er i gang med å utvikle nye nettsider der slike omsyn skal vektleggjast.