Tilgjengelegheitserklæring for Innsyn.dokument.ssikt.no

  • Innsyn.dokument.ssikt.no
  • HAREID KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 979 278
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 10 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HAREID KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Innsyn.dokument.ssikt.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I brev og dokument kan bilete vere brukt på ein måte som gjer at informasjonen ikkje er tilgjengeleg for alle. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Der er overskrifter i løysinga som ikkje er formatert som overskrifter, men fungerer som overskrifter til tekstfelt. Løysinga støttar ikkje dette og det må skaffast ny oppgradert versjon av løysinga for at dette skal bli retta på. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

I PDF-filer kan det vere tekst som ikkje er koda slik at innhaldet kan lesast opp med ei meiningsfylt rekkefølge. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er mogleg å forstørre nettstaden så mykje som ønskeleg, men det ligg ikkje noko informasjon på sidene om at dette er mogleg.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I brev og dokument kan bilde vere brukt på ein måte som gjer at informasjonen ikkje er tilgjengeleg for alle. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dette fungerer delvis i løysinga, men er ikkje gjennomført for alle felt. Kalendarfunksjonen har denne funksjonen, men ikkje tekstfelta der søkekriterium skal settast inn.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidetittlane er ikkje tydelege tittlar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I brev og dokument kan det vere lenketekstar som ikkje forklarer føremålet med lenka godt. Dette kan gjelde både inngåande post til kommunen og dokument som er laga av kommunen. Opplæring og kvalitetssikring av malar vil vere naudsynt for å sikre at dokumenta kommunen lagar, er tilgjengelege for alle.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhaldet på sidene har svært avgrensa søkemoglegheit. Einaste måten å få tak i innhaldet på er fylle ut eit sett med kriterium og søke ut i frå dei. Ingen moglegheit for fritekstsøk i løysinga. Der er heller ingen overordna meny, det er fleire faner som må klikkast på for å få oversikt over innhaldet i dei ulike fanene.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje angitt språket til innhaldet i koden.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Innsynsløysinga har fleire feil i forhold til universell utforming. Løysinga på dette blir å skaffe ny innsynsløysing som støttar krava.