-
vestnesbibliotek.no
-
VESTNES KOMMUNE, organisasjonsnummer 939 901 965
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 11 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
På sidene der fleire artiklar er samla på ei side, til dømes i nyheitsoversikta, blir ikkje alternativ tekst til bilete vist. Denne feilen gjer at synshemma brukarar ikkje får med seg innhaldet i desse bileta. Leverandøren vår arbeider med å rette opp feilen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Områdemelding (gule boksar med meldingar øvst på sidene)
Det skal leggjast inn ei skjult overskrift på områdemeldingane som varslar skjermlesarbrukarar om at det er ei viktig melding på sida – dette manglar i dag. Dette sikrar at skjermlesarbrukarar får med seg områdemeldinga.
"Meld ifrå"
Løysinga har hopp i overskriftsnivå. Når det er hopp i nivå, mistar skjermlesarbrukarar den logiske rekkjefølgja, noko som gjer det vanskeleg å navigere og få oversikt over innhaldet.
Booking
Løysinga har hopp i overskriftsnivå. Skjermlesarbrukarar vil ikkje få overskriftene lista opp i korrekt rekkjefølgje, noko som kan vere forvirrande.
Listepunkt er brukte for å formatere tekst. Skjermlesarar vil tolke teksten som ei liste, noko som kan forvirre brukarar som forventar noko anna.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
Meld ifrå-løysinga manglar autoutfylling av felt for namn, e‑post og telefonnummer ved innsending av sak. Dette gjer det vanskelegare for alle brukarar å fylle ut skjemaet. Særleg personar med kognitive funksjonsnedsetjingar, motoriske funksjonsnedsetjingar og skjermlesarbrukarar vil ha utfordringar med å fylle ut skjemaet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Svak fargekontrastar på stega i Meld feil.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
Kalenderen i bookingmodulen er vanskeleg å bruke med tastaturnavigasjon. Dette skaper utfordringar for brukarar som er avhengige av tastaturet for å navigere og booke ressursar.
Dokumentlesaren manglar synleg fokusmarkering og tastaturnavigasjon. Dette kan skape vanskar for brukarar som er avhengige av å navigere på nettsida med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
Når eit bilete i biletgalleriet er opna i full sidevising, er hopp til innhald feilaktig tilgjengeleg. Dette kan skape forvirring for skjermlesarbrukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lager rutiner for å skrive betre lenketekster. Uforståelege lenke og ut av kontekst.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tabell
Brukarar som nyttar skjermlesar, får ikkje beskjed om at kolonnene kan sorterast, fordi den tekniske kodinga som forklarer denne funksjonen manglar.
Dokumentlesaren manglar synleg fokusmarkering og tastaturnavigasjon.
Desse feila kan gjere det vanskeleg for brukarar som er avhengige av tastatur å bruke funksjonane.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
Feilmeldingar ved utfylling av skjemaet i «Meld ifrå» manglar informasjon om kva felt som inneheld feil. Denne feilen kan føre til at nokre brukargrupper ikkje får med seg feilmeldinga.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tabell: Når ein artikkel inneheld fleire tabellar får desse lik id.
Dokumentlesaren: PDF-dokument som vert generert med dokumentlesaren manglar tittel og har ikkje koda innhald.
Leverandøren jobbar med å rette opp feilen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
Varsel for informasjonskapslar – Feil på fanemeny i samtykkeboks
Fanene «Samtykke», «Detaljar» og «Om» er ikkje kopla riktig saman teknisk. Dette gjer at personar som brukar skjermlesar ikkje får beskjed om at dette er ei meny. Dei høyrer berre teksten på knappen dei står på, og går dermed glipp av dei andre vala og informasjonen som ligg i dei andre fanene.Tabell
Brukarar som nyttar skjermlesar, får ikkje beskjed om at kolonnene kan sorterast, fordi den tekniske kodinga som forklarer denne funksjonen manglar.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Vestnes kommune er ansvarleg for dette nettstaden og ønskjer at alle skal kunne bruke den.
Vi arbeider kontinuerleg med å forbetre brukaropplevinga, og set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelegheit.