Tilgjengelegheitserklæring for vaksdal.frivilligsentral.no

Namn på nettstaden:
vaksdal.frivilligsentral.no
Denne erklæringa gjeld nettstaden:
https://vaksdal.frivilligsentral.no/
Ansvarleg for nettstaden:
VAKSDAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 961 821 967
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 7 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VAKSDAL KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på vaksdal.frivilligsentral.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysinga vår har bilete utan alternativ tekst (alt-tekst). Vi har i dag ikkje teknisk moglegheit til å legge inn alternativ tekst på bilete i publiseringsløysinga.

Brukarar som er blinde eller har sterkt nedsett syn, og som bruker skjermlesar, får ikkje tilgang til informasjon som ligg i bileta. Dersom viktig informasjon berre blir formidla visuelt, kan brukaren gå glipp av innhald eller samanheng i teksten.

Vi arbeider med å finne ei løysing som gjer det mogleg å legge inn alternativ tekst på bilete.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi ventar på avklaring frå leverandør om korleis løysinga handterer struktur og semantisk koding. Inntil vi har fått stadfesta status, kan vi ikkje dokumentere at kravet er oppfylt.

Dersom struktur og relasjonar ikkje er korrekt koda, kan det bli vanskeleg å bruke skjermlesar eller andre hjelpemiddel. Brukarar kan då få problem med å forstå samanhengen i innhaldet, navigere i løysinga eller fylle ut skjema.

Vi vil oppdatere tilgjengelegheitserklæringa når vi har fått svar frå leverandør og har betre oversikt over status.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I løysinga vår har vi ikkje moglegheit til å definere overskriftsnivå (til dømes H1 og H2) i artiklar vi publiserer. Overskrifter blir derfor ikkje alltid koda med korrekt struktur. Brukarar som nyttar skjermlesar, kan få problem med å navigere i teksten. Dei kan miste oversikt over struktur og samanheng i innhaldet. Det kan gjere det vanskelegare å finne fram til relevant informasjon.

Vi er i dialog med leverandør for å finne ei løysing som gir betre kontroll over struktur og overskriftsnivå.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har bilete som inneheld tekst. Teksten i desse bileta er ikkje alltid tilgjengeleg som vanleg tekst i løysinga. Brukarar som har behov for å forstørre tekst, endre kontrast eller bruke skjermlesar, kan få problem med å lese innhaldet. Tekst som ligg i bilete, kan vere vanskeleg å oppfatte eller utilgjengeleg for hjelpemiddel.

Vi vil så langt det er mogleg erstatte bilete med tekst med vanleg tekst, eller sikre at same informasjon finst som tilgjengeleg tekst i løysinga.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har lenker der mål og funksjon ikkje går tydeleg fram av sjølve lenketeksten. Nokre lenker har generelle formuleringar som ikkje seier kva brukaren kan forvente å finne når hen trykker på lenka. Brukarar som nyttar skjermlesar, kan få opplest ei liste med lenker utan samanheng. Dersom lenketeksten ikkje er tydeleg, kan det bli vanskeleg å forstå kvar lenka fører. Det kan skape usikkerheit og gjere navigasjonen meir krevjande.

Vi arbeider med å endre lenketekstar slik at dei blir meir beskrivande og gir tydeleg informasjon om mål og funksjon.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi ventar på avklaring frå leverandør om korleis løysinga handterer teknisk struktur og validering av kode. Inntil vi har fått stadfesta status, kan vi ikkje dokumentere at kravet er oppfylt. Dersom koden inneheld feil, kan det føre til at skjermlesar eller andre hjelpemiddel ikkje tolkar innhaldet rett. Det kan skape utfordringar med navigasjon eller forståing av innhaldet.

Vi vil oppdatere tilgjengelegheitserklæringa når vi har fått svar frå leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi ventar på avklaring frå leverandør om korleis løysinga handterer merking av komponentar i koden. Inntil vi har fått stadfesta status, kan vi ikkje dokumentere at kravet er oppfylt.

Dersom namn, rolle eller verdi ikkje er korrekt definert, kan brukarar som nyttar skjermlesar få mangelfull eller feil informasjon om kva eit element gjer. Det kan gjere det vanskeleg å navigere eller bruke funksjonar i løysinga.

Vi vil oppdatere tilgjengelegheitserklæringa når vi har fått svar frå leverandør.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi arbeider kontinuerleg med universell utforming av IKT-løysingane våre. Vi har starta ein gjennomgang av løysinga og er i dialog med leverandør for å få betre oversikt over status på fleire av krava i regelverket.

Vi vil oppdatere tilgjengelegheitserklæringa når vi får ny informasjon eller gjennomfører endringar.