uustatus.no

Personvernerklæring – Løysing for tilgjengelegheitserklæring

Kontaktinformasjon

 

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) v/Tilsynet for universell utforming av ikt
post@uutilsynet.no
PB 8115 Dep., 0032 Oslo

 

Personvernombod

 

Personvernombodet vårt kan du kontakte på e-postadresse personvernombud@digdir.no


Du kan også sende post til:

Digitaliseringsdirektoratet
Postboks 8115 Dep.
0032 Oslo
Merk konvolutten «Digitaliseringsdirektoratets personvernombod»

 

Behandlinga sitt føremål og behandlingsgrunnlag

 

Digdir nyttar personopplysningane for å identifisere kven som loggar inn i løysing for tilgjengelegheitserklæring, produserer ei tilgjengelegheitserklæring eller slettar ei produsert tilgjengelegheitserklæring på vegne av ei verksemd.

 
Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 (1) e) som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for utøving av offentleg mynde.

 
Tilsynet i Digdir handhevar regelverket om universell utforming av ikt i likestillings- og diskrimineringslovens § 18 og § 19a jf. § 36 og forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 5 jf. § 4e. Tilsynet kan ifølge regelverket innhente opplysningar som er nødvendige for å gjennomføre sine oppgåver.

 

Kva personopplysningar vert behandla

 

Digdir behandlar desse opplysningane om dei som brukar løysinga for tilgjengelegheitserklæring: 

  • Fornamn og etternamn
  • Personnummer  
  • Tidspunkt og type handling
  • IP-adresse


Behandlinga skjer i samband med følgande handlingar: 

  • Innlogging i løysinga
  • Produsering av ein tilgjengelegheitserklæring 
  • Sletting av ei tidlegare produsert tilgjengelegheitserklæring

 

Innlogging i løysinga, produsering og sletting av ei produsert tilgjengelegheitserklæring kan utførast av tilsette i verksemda eller av eksterne som har motteke nødvendig innloggingsinformasjon.

 
For alle som loggar inn i løysinga, produserer ei tilgjengelegheitserklæring eller slettar ei tidlegare produsert tilgjengelegheitserklæring på vegne av ei verksemd, vil fornamn, etternamn og personnummer verte lagra.

 

Korleis opplysningane vert sletta

 

Alle personopplysningane vert automatisk sletta frå løysinga etter 15 månader.

 

Personopplysningar knytt til kven som produserer eller slettar ei produsert tilgjengelegheitserklæring vil automatisk verte sletta dersom ein annan person utfører desse handlingane på nytt for same erklæring.

 

Rettane dine

 

Du har rett til innsyn i personopplysningar om deg sjølv. Du kan også be om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysningar. Kravet ditt vert behandla kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Førespurnader om innsyn kan rettast til post@uutilsynet.no.

 

Dersom du meiner Digdir ikkje har overhalde dine rettar i samsvar med personopplysningslova har du rett til å klage til Datatilsynet.

 

Deling av informasjon til tredjepartar

 

Digdir utleverer ikkje opplysningar til tredjepartar. Personopplysningane vert lagra innanfor EUs medlemsland.

 

Endringar i denne personvernerklæringa

 

Dersom denne personvernerklæringa vert endra vil Digdir informere om dette.