Informasjonskapslar (cookies)

Her finn du ei oversikt over bruken av informasjonskapslar på nettstaden www.uustatus.no.

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert lasta ned og lagra på datamaskina di når du opnar ei nettside. Digitaliseringsdirektoratet brukar informasjonskapslar for å betre di brukaroppleving når du vitjar nettsidene våre.

Du kan lese meir om informasjonskapslar hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Bruken av informasjonskapslar er regulert av lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) § 2-7 b).

Korleis administrere informasjonskapslar

Dei fleste moderne nettlesarar er innstilte til å akseptere informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv velje å endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje vert aksepterte. Vi gjer merksam på at dette kan føre til at Digitaliseringsdirektoratet sine nettenester ikkje vil fungere optimalt. På nettvett.no kan du lese om korleis du administrerer informasjonskapslar og få tips til tryggare bruk av internett.

Informasjonskapslar på uustatus.no

For uustatus.no har vi ikkje eigne informasjonskapslar, men det finst informasjonskapslar frå våre tredjepartsløysingar på uustatus.no. Du finn informasjon om desse i lenkjene under.

Webanalyse og statistikk

•    Vi brukar SiteImprove med cookieless sporing for webanalyse og statistikk om besøk til nettstaden.

Personvernerklæring

Les om kva personopplysningar vi behandlar og kvifor i personvernerklæringa vår.