Kontaktinformasjon
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) v/Tilsynet for universell utforming av ikt
post@uutilsynet.no
PB 8115 Dep., 0032 Oslo
Personvernombod
Personvernombodet vårt kan du kontakte på e-postadresse personvernombud@digdir.no.
Du kan også sende post til:
Digitaliseringsdirektoratet
Postboks 8115 Dep.
0032 Oslo
Merk konvolutten «Digitaliseringsdirektoratets personvernombod».
Behandlinga sitt føremål og behandlingsgrunnlag
Digdir nyttar personopplysningane for å identifisere kven som loggar inn i løysing for tilgjengelegheitserklæring, produserer ei tilgjengelegheitserklæring eller slettar ei produsert tilgjengelegheitserklæring på vegner av ei verksemd.
Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 (1) e) som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for utøving av offentleg mynde.
Tilsynet i Digdir handhevar regelverket om universell utforming av ikt i likestillings- og diskrimineringslovens § 18 og § 19a jf. § 36 og forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 5 jf. § 4e. Tilsynet kan ifølge regelverket innhente opplysningar som er nødvendige for å gjennomføre sine oppgåver.
Kva personopplysningar vert behandla
Digdir behandlar desse opplysningane om dei som brukar løysinga for tilgjengelegheitserklæring:
- Fornamn og etternamn
- Personnummer
- Tidspunkt og type handling
- IP-adresse
Behandlinga skjer i samband med følgande handlingar:
- Innlogging i løysinga
- Produsering av ei tilgjengelegheitserklæring
- Sletting av ei tidlegare produsert tilgjengelegheitserklæring
Innlogging i løysinga, produsering og sletting av ei produsert tilgjengelegheitserklæring kan utførast av tilsette i verksemda eller av eksterne som har motteke nødvendig innloggingsinformasjon.
For alle som loggar inn i løysinga, produserer ei tilgjengelegheitserklæring eller slettar ei tidlegare produsert tilgjengelegheitserklæring på vegner av ei verksemd, vil fornamn, etternamn og personnummer verte lagra.
Korleis opplysningane vert sletta
Alle personopplysningane vert automatisk sletta frå løysinga etter 15 månader.
Personopplysningar knytt til kven som produserer eller slettar ei produsert tilgjengelegheitserklæring vil automatisk verte sletta dersom ein annan person utfører desse handlingane på nytt for same erklæring.
Rettane dine
Du har rett til innsyn i personopplysningar om deg sjølv. Du kan også be om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysningar. Kravet ditt vert behandla kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Førespurnader om innsyn kan rettast til post@uutilsynet.no.
Dersom du meiner Digdir ikkje har overhalde dine rettar i samsvar med personopplysningslova har du rett til å klage til Datatilsynet.
Deling av informasjon til tredjepartar
Digdir utleverer ikkje opplysningar til tredjepartar. Personopplysningane vert lagra innanfor EUs medlemsland.
Endringar i denne personvernerklæringa
Dersom denne personvernerklæringa vert endra vil Digdir informere om dette.